Tobias Kassel7 mål i 2026
Even Sandsengen Neshagen6 mål i 2026
Simen Lyngstad4 mål i 2026
Ingen mål registrert
 

FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 30. april 2026

Tveit stadion kunstgras, torsdag 30.04.26 kl.19.30
Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF.
Speaker: Vidar Eltun.
Kampvert: Kai Rune Hemsing.
Publikum: ca.100 stk.

FK Vang/Slidre/Røn med fortjent seier i seriepremieren denne sesongen.
Publikum møtte opp og stemninga på stadion var upåklagelig den varme vårkvelden.
Simen Lyngstad putta kampens einaste mål etter 9 minutter, frisparket frå 45 meter gjekk i nettet via lengste kryss.
Soudis Dosti Khali hadde ein fantastisk deby i mål, banens yngste og Simen Lyngstad delte bestemannsprisen for vertene.

FK Vang/Slidre/Røn var klart best i starten av kampen, formasjonen satt godt og heile gjengen var påskrudd!!
Moro å sjå at ting fungerer etter så kort tid med spelarane me har i vår tropp.
Scoringa etter 9. minutt er allerede omtala, men må nevnast ei gong til. Simen har ein fantastisk venstrefot og hadde også eit frispark i slutten på andre omgang som gjekk i kryssmetallet.
Før pause er heimelaget notert med to meget gode sjanser også 2 cornere og er klart best.

Etter pause er vertene notert med 3 gode sjanser mot Bagn si eine som går i metallet. 
Gjestene prøver seg litt på slutten, men klarer ikke å overliste vår bakerste mann.

Å lede dette laget frå sidelinja var i kveld rett og slett stort.
Alle var på jobb med samme mål og alle kan gå med hodet heva i 1.mai feiringa i morgen.
Dommaren hadde også full kontroll, godt med ein voksen kar med fløyta!

Laget: Soudis, Eirik, Tore, Seppe, Vegard, Fredrik, Robert, Simen, Birk, Jan Magne, Tobias, Erik, Kostiantyn, Marius og Bohdan.

Simen og Sudis delte bestepremien i kåringa etter kampen, Tobias kjem også på pallen med Seppe like bak.

Neste kamp er borte mot Nordre Land 2 søndag 10. mai kl. 15.00 på Dokka stadion (gras)
Håper supporterene tek turen og blir vår 12 mann.

Trening tirsdag, om Røn stadion er klar kan det hende det blir ei økt der i og med graskamp på Dokka.
Jeg legger det på Spond i så fall. 


Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 26.09.2026

Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00. Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn. Speaker: Nei. Publikum: ca.20 stk. Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp. Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt. 15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44. minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne 3. plassen. Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier 2-1 tilslutt. Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som helter. Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i troppen i haust.

Les meir »

FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)

PUBLISERT 09.09.2026

Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.

Les meir »

Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)

PUBLISERT 06.09.2026

Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00. Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk på erverdige Dokka stadion. Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var med på benken. FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det. Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16. og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvjsanser denne omgangen. Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten Før.

Les meir »

FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-3 (1-1)

PUBLISERT 27.08.2026

Tveit stadion kunstgras torsdag 27.august kl. 21.00. Dommar: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca. 40 stk. Heimelaget hadde ein meget god 1. omgang og burde ha avgjort kampen før pause. Sjansene var mange og meget store, men ballen ville rett og slett ikkje inn i nettmaskene desverre. Bagn/Hedalen fekk ballen i mål etter 18 minutt på ein markkrypar frå 18 meter, dette var gjestenes fyrste halvsjanse i kampen. FK Vang/S.Røn pressa på og Even Neshagen får fulltreff frå 20 meter og set ballen utagbart til venstre for keeperen til Sør Aurdølene. Målet kjem i det 21. minutt, assisten har Robert Indrebø. Vertene har stor tru i pausa og burde dratt denne kampen vår veg.

Les meir »