FK Vang - Skreia: 1. runde i NM

PUBLISERT 6. februar 2026
FK Vang møter Skreia i 1. cuprunde i NM.
FK Vang og Fagernes er begge med i NM i år pga at klubbane var på
toppen i avdelinga i 2025.
Dette er eit nytt opplegg og kampane må væra spelt før 9. mars
2026.
FK Vang - Skreia er satt opp i Valdres storhall laurdag 7. mars kl.
14.00.
Skreia er topplag i 4 divisjon og blir vel ei hard nøtt å knekke
for oss.
Håper mange suporterar møter opp i storhallen denne
laurdagen.
Sist desse laga møttes var på Skreia idrettsplass 8. september i
2018, resultatet vart då 2-2.
Vegard Kjøs Egge utligna på ei super hedding i sluttminutta den
kampen, der FK Vang var heilt på høgde med Totninglaget.
Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)
PUBLISERT 26.09.2026
Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00. Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn. Speaker: Nei. Publikum: ca.20 stk. Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp. Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt. 15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44. minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne 3. plassen. Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier 2-1 tilslutt. Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som helter. Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i troppen i haust.
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)
PUBLISERT 09.09.2026
Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.
Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)
PUBLISERT 06.09.2026
Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00. Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk på erverdige Dokka stadion. Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var med på benken. FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det. Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16. og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvjsanser denne omgangen. Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten Før.
FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-3 (1-1)
PUBLISERT 27.08.2026
Tveit stadion kunstgras torsdag 27.august kl. 21.00. Dommar: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca. 40 stk. Heimelaget hadde ein meget god 1. omgang og burde ha avgjort kampen før pause. Sjansene var mange og meget store, men ballen ville rett og slett ikkje inn i nettmaskene desverre. Bagn/Hedalen fekk ballen i mål etter 18 minutt på ein markkrypar frå 18 meter, dette var gjestenes fyrste halvsjanse i kampen. FK Vang/S.Røn pressa på og Even Neshagen får fulltreff frå 20 meter og set ballen utagbart til venstre for keeperen til Sør Aurdølene. Målet kjem i det 21. minutt, assisten har Robert Indrebø. Vertene har stor tru i pausa og burde dratt denne kampen vår veg.


