Vegard Kjøs Egge8 mål i 2018
Eivind Bakkene6 mål i 2018
Åsmund Bakkene5 mål i 2018
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Vest Torpa/Torpa: 4-3 (3-0)

PUBLISERT 11. mai 2018

Tveit Stadion kunstgras fredag 11 mai kl. 19.30.
Dommar: Jan Erik Haugom.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: Ca. 40 stk.

FK Vang vant fortjent og det vart vel aldri heilt spennande i og med at Vest Torpa scora sitt siste i siste sekund av kampen. Dommaren bles for full tid når vertane tok avsparket. FK Vang spelar ein god kamp igjen og har hatt ein framifrå start på sesongen, laget scorer mange mål og det er bra om ein skal vinne fotballkampar.

Fyrste omgang er også i kveld meget god av oss, me scorer fine mål og er gode over heile banen. Vest Torpa skapar også ein del, men me rydder bra opp både på sjansene og cornerane dei har.
Vegard Kjøs Egge har dei to fyrste assistane, den fyrste etter 17 minutt då Hadgu Haileab Gebreluul scorar sitt fyrste mål for FK Vang. Assist nummer to har Vegard til Eivind Bakkene som scorar sitt tredje i år etter ca halvtimen. Rollene er bytta når Vegard scorer sitt mål nummer to i år 5 minutt før pause. Omgangen er rimeleg fartsfylt til å væra i 6. divisjon og begge laga har mange gode spelara som får vist seg bra fram. Sander Eltun må ut til pause, men han har hatt ein meget god omgang.

Plana er å ligge kompakt og godt i den andre omgangen, dette lykkast berre delvis heile omgangen sett under eit. Me er gode i starten, men raknar litt mot slutten. Jan Magne Almenning scorar eit fint mål etter 60 minutt, assisten har den gamle ringreven Kai Arne Kvale som har mønstra FK Vang drakta igjen. Med 4-0 leiing føles det trygt, godt og solid over ein av favorittane i årets serie.
Vest Torpa får ei heilt unødvendig straffe i det 65 minutt og reduserer, dette gjer dei ny giv men me står rimeleg godt i mot. Dei scorar også kvarteret før full tid og resultatet ser ut som det blir 4-2. Den tredje scoringa kjem så sekunder før full tid og det blir 4-3 til FK Vang.
I tillegg til måla må det nevnas tre i stolpen frå FK Vang.  

Laget: Magnus, Sander, Ola, Mats, Anders, Jan Magne, Kasper, Kim B, Eivind, Hadgu, Vegard, Kai Arne K, Lasse og Saifullah.

Dagens mann vart atter Eivind Bakkene, han vinn 2 stjerner foran Ola Hilmen Hovi og Jan Magne Almenning som er ei stjerne bak der igjen. Meget bra av ungutane som tapeteserer pallen. Kasper Kjeldsen har også ein meget god kamp deffensivt på midtbanen.  
 

       

         

Beitostølen Cup 2019

PUBLISERT 19.01.2019

FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.

Les meir »

Årets spelar 2018

PUBLISERT 25.11.2018

Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)

PUBLISERT 29.09.2018

Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.

Les meir »

Skreia - FK Vang 2-2(1-1)

PUBLISERT 08.09.2018

Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.

Les meir »