Biri - FK Vang: 2-0 (1-0)
PUBLISERT 2. juni 2018
Biri kunstgras 1 juni 2018 kl.20.00.
Dommar: Geir Simenstad Pedersen.
Speaker: Ja.
Publikum: ca 40 stk.
Ein avsluttning i tverligger, ein i stang og ein åleine mot
keeper, null mål og null poeng i toppoppgjeret.
Når også då dommaren dømmer ei straffe på hands etter timen
som både Birispelarane og publikum ser er feil blir det
vanskeleg.
Biri har eit ungt robust lag som er raskt opp i press og trør til
i duellane.
Sjanse og cornerstatistikken syner 5-7 og 4-5, begge i FK
Vang sin favør. Det er med andre ord viktig å utnytte store sjanser
i jamne kampar!
Atter ein varm kveld for fotball og godt det er kampstart
kl.20.00.
FK Vang starter bra og er mest på Biri sin halvdel dei fyrste 12
minutta, men det er vanskeleg å skape det heilt store mot eit
etablert Birilag. Vår gode keeper er desverre litt halvskadd
og kan ikkje bruke høgrefoten på vanleg vis. Me får ikkje sett
igang slik me brukar frå vårt mål og dette fører til
usikkerheit som igjen fører til kampens fyrste mål og 1-0 til
vertane.
Utover i omgangen er FK Vang det beste laget, me får 2
bakromssjanser åleine mot keeper. Fyrst er det Åsmund som elegant
lobbar ballen over keeper, men desverre i tverliggar, så er det
Vegard som set ballen rett i fanget på Biri sin keeper. FK Vang
skapar 4 bra sjanser og 3 cornera denne omgangen og bør/skal ha
leiinga til pausa.
Fokuset i pausa er at me har hatt ein bra omgang og har vært
det beste laget.
Andre omgangen startar med stillingskrig og lite som skjer
i boksane. Dommaren som ellers har vært god kjem i fokus
kvarteret ut i omgangen då han bles straffe til Biri som
absolutt ingen på stadion forstår! Vemund er på tur ut frå vår
16 meter, heilt på spissen og dempar med seg ballen på brystet
og dommaren bles straffe!
Denne situasjonen er nok desverre kampavgjerande, Biri får energi
og FK Vang får ein håplaus avgørelse i fleisen.
Det er stilligskrig resten av omgangen utan dei heilt store
sjansene før 5 minutt gjenstår. Igjen er det brødrene Bakkene
som syner seg fram, Eivind med innlegg til Åsmund som desverre
råkar metallet ved sia av keeperen også i denne
situasjonen.
Laget: Magnus, Eirik, Mats, Ola, Tore, Jan Magne, Vemund, Kasper, Eivind, Åsmund, Vegard og Henrik.
Dagens mann i FK Vang vart Mats Veisene, han var poenget
framfør Vemund Syversrud og Ola Hilmen Hovi. Denne trioen var
i ei klasse for seg sjølv i kveld.
Meget bra at Tore, Henrik og Eirik tok turen og var med for
fyrste gong i år.
Beitostølen Cup 2019
PUBLISERT 19.01.2019
FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.
Årets spelar 2018
PUBLISERT 25.11.2018
Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.
Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)
PUBLISERT 29.09.2018
Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.
Skreia - FK Vang 2-2(1-1)
PUBLISERT 08.09.2018
Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.