Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Dokka SK - FK Vang: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 17. september 2016

Dokka stadion laurdag 17 sept. kl.15.00
Dommar: Erling Kringsjå Skundberg
Assistentar: Nils Rørli og Henrik Schjerven
Steaker: Ja
Publikum: 20 stk.

Godt gjennomført burtekamp av FK Vang i dagens oppgjer.
Me viste at Dokka ville kjempe som løver for poenga i dag, FK Vang ville det same og reiste over Tonsåsen att med full pott.
Seieren var fortjent og kunne fort ha blitt større i og med straffemissen i andreomgang.

Fyrste omgang starta meget bra av gjestene frå Valdres, me styrer kampen og etter 13 minutt kjem scoringa. Åsmund Bakkene kjem seg forbi 2-3 mann på vår høgreside og får krangla ballen inn til Simen Strandbråten som får ein enkel jobb med å få ballen inn i nettmaskene. FK Vang er klart best fyrste halvtimenog har fleire cornera utan uttelling. Dokka kjem litt meir i slutten av omgangen, me gjer dei også for enkle frisparkmuligheter denne perioda.
 
I pausa er me rimeleg godt tilfreds med prestasjonen så langt, Dokka må fram i omgangen som kjem og det vil gje oss nye muligheter.
Kun 2 minutt er gått av omgangen når fyrste sjansa byr seg. Simen Strandbråten vinn att ballen frå Dokka sitt forsvar og smeller til, ballen går via 2 i Dokka sitt forsvar og inn bak ein utspelt keeper. FK Vang skapar det meste, åtte minutt ut i omgangen kjem Vegard Kjøs Egge rundt på vår høgreside og blir felt innafor 16 meteren. Straffa blir desverre satt i stolperota og ut.
Dokka sler mykje langt heile kampen, vårt forsvar og keeper ordner bra opp og langpassningane blir aldri veldig farlige.
Eg er veldig stolt av FK Vang i dag, me jobbar som eit lag og opptrer som eit lag stort sett heile kampen.

Laget: Jarle, Kasper, Tore, Eirik, Kai Arne K, Kim K, Øyvind, Vegard, Åsmund, Simen og Morten.

Åsmund Bakkene blir også denne runda kåra til FK Vang sin beste spelar, Åsmund går inn i krigen og får med resten av laget. Simen, Kasper og Øyvind deler andreplasssen, alle som er nemnt er å finne i sentrallinja. Vegard er poenget bak desse igjen.
Honør til heile laget i dag som fungerer bedre og bedre, synd at serien snart er over.

Trening i veka som kjem: Tysdag kl.19.30        
  

 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »