Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Toten - FK Vang: 6-1 (5-0)

PUBLISERT 1. august 2015

Østre Toten kunstgressbane fredag 31 juli kl.19.00
Dommar: Mirsad Vranesi
Assistentar: Geir Erling Heien og Mikael Sandberg
Publikum: ca 30 stk.
Speaker: Ja 

FK Vang tok turen til Toten med kun 11 mann i kveld. Skader, sykdom, bryllup, jobb og ferie førte til stort mannefall i troppen. All ære til dei 11 som stilte opp, sekstenåringen Jørgen Andisson Kvam fekk sin deby og han klarte seg rimeleg bra.

Toten var meget gode dei fyrste 45 minutta og valsa skikkelig over FK Vang. 3-0 etter 12 minutt seier sitt. Litt justering i FK Vang førte til att Toten ikkje kom så lett til, sjølv om det small i aluminiumen 3 gonger i tillegg til måla heimelaget scora før pause.
Måla til Toten kom i det 3, 8, 12(straffe), 22, og 41. minutt denne omgangen.
Heimelaget hadde god bevegelse og bra fart på ballen og FK Vang var elendige i presset.

I pausa var det fokus på presset og det vart lovet gull og heder frå trenaren om gjestene klarte å vinne andre omgangen.
Toten bytta mange i pausa og kampen vart kamp, sjølv om det såg stygt ut etter 4 minutt av omgangen då Toten gjekk opp til 6-0.
FK Vang var mykje bedre med og skapte fleire tillløp og etter halvtimen reduserte vi med ei nydelig scoring av Samuel Girmay Tekle. Erik Martinsen Dalåker kom med den befriande passningen, men angrepet vart fint rulla opp på vår venstreside.
Kasper Kjeldsen hadde 2 fine frispark i frå ca 25 meter, det eine var ca 15 cm frå krysset og det andre klarte keeperen å avverge.

Laget: Jarle, Jørgen, Øyvind, Kasper, Vegard E, Sverre, Kim K, Samuel, Eirik, Vegard K E og Erik  

Dagens mann vart Kasper Kjeldsen som er kontant og meget god i våre bakre rekker. Samuel Girmay Tekle får andre plassen og Kim Kveno tredje i kåringa.

NB!!
Dugnad (tribuner) kl.18.00 på måndag med trening kl.19.30 samme kveld.
(Ta med lita skralle med 10 mm pipe og fastnøkkel på 10 mm)  
 



 

  

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »