Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Toten: 0-4 (0-2)

PUBLISERT 24. april 2015

Tveit Stadion fredag 24 april kl. 20.00
Dommar: Nils Arne Solberg.
Assistentdommarar: Svenn Olav Fossholt og Ali Zade Shabbir.
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: Ca 70 stk.

Tap i seriepremiera, men god innsats av FK Vang sine spelara.
Kampen var mykje jamnar enn resultatet syner.

Moro med flomlyskamp, bengalske lys og fin sang frå Toten sine supporterar. Rett og slett god stemning på Tveit stadion i kveldens kamp både på og utanfor banen.

Sjanser: 6 til FK Vang, 8 til Toten
Cornerar: 4 til FK Vang, 3 til Toten

0-1, 25 min
0-2, 35 min
0-3, 48 min
0-4, 84 min

Gult kort til Thomas Hilmen i det 70 minutt

FK Vang sitt lag: Jarle, Håvard, Øyvind, Kai Arne S, Kasper, Thomas, Kim B, Anders, Sverre, Kim K og Vegard K E.
Samuel inn for Kim K (55 min), Henning inn for Håvard (60 min), Vegard E inn for Kasper (70 min), Bjørnar M inn for Sverre, Eirik inn for Thomas, Gunnar inn for Vegard K E og Tore inn for Kim B etter 80 min.

Kampen var som nemt rimelig jamn, men Toten scora på sine sjanser noko FK Vang ikkje klarte. FK Vang starta best og hadde eit par halvsjanser og eit fantastisk skudd av Kasper som keeperen til Toten fekk avverga. Toten tok over midt i omgangen og scora eit fint mål i det 25. minutt. Andre målet til Toten burde heimelaget ha avverga.
FK Vang hadde bevist for seg sjølv at dei kunne gje Toten kamp og hadde trua på poeng i pausa.

Andre omgang starta vel ikkje heilt etter den plana for FK Toten sett inn sitt tredje mål etter kun 3 minutt. Kampen bølga etter dette att og fram og ingen av laga hadde dei heilt store sjansene. Øyvind var veldig nære etter ein corner midt i omgangen og Samuel hadde eit flott langskudd som keeperen til Toten fekk avverga med fingertuppane. Toten scora sitt fjerde og siste mål 6 minutt før slutt.

Tross tapet var det likevel god stemning i garderoba til heimelaget etter kampen, gutane synest det var godt å koma igang og trivdes godt med bedre motstand og høgare tempo.

Alle på laget får godkjent, heile 10 spelara får stjerner i spelarane si eige kåring av kveldens mann. Vegard Kjøs Egge som var eit angrep åleine til tider blir fortjent kåra til FK Vang sin beste. Kim Bøland kjem på plassen bak i avstemminga og Kaptein Sandhaugo er poenget bak Kim igjen. Alle i troppen fekk speletid, troppen er rimelig jamn så det blir kamp om plassane framover. Viktig med oppmøte på trening for dei som har muligheit.

Trening på Tveit måndag kl. 19.30
Neste kamp torsdag 30 april kl. 19.30 mot Søndre Land på ny kunstgrasbane i Hov.  

Referat frå Toten si heimeside: Vang - Toten 0-4 - Hovedside

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »