Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Vest Torpa 2: 10-2(6-1)

PUBLISERT 14. september 2014

Tveit stadion kunstgras søndag 14 september kl. 15.00
Dommar Svenn Olav Fossholdt
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: Ca 20 stk.

FK Vang avslutta sesongen på heimebane med to siffra i målprotokollen.
Vest Torpa 2 klarte også å score 2 mål på oss, FK Vang hadde kun 8 baklengs før dagens oppgjer, med andre ord sterkt av Torpingane. 
Vest Torpa sitt fyrste lag ligg ann til å bli Land kommunene sitt beste lag i 4. divisjon i år, det står det respekt av. 

Ole Eirik Syversen ligg godt an til å bli FK Vang sin toppscorar, han putta 3 mål i dag og vart kåra til dagens mann. Ole Eirik sette sitt fyrste 7 minutt ut i kampen, Henrik Gjestvang hadde assisten. Det var etter dette litt tungt, sjansene var der men ikkje måla. Vest Torpa utligna på si einaste sjanse i 1. omgang etter 27 minutt.
Utligninga såg ut til å vekka heimelaget, frå det 31. minutt og ut omgangen scora vertene 5 mål.
2-1: 31 min. Ole Eirik Syversen (Sverre Melby)
3-1: 33 min. Kim Kveno (Vegard Kjøs Egge)
4-1: 35 min. Vegard Kjøs Egge (Sverre Melby)
5-1: 38 min. Sverre Melby (Erik Sanne)
6-1: 42 min. Selvmål (Ole Eirik Syversen)

Pause og FK Vang innstilt på å fortsette som i slutten på dei fyrste 45.

Kun fire minutt av andre omgang er gått før Kim Kveno klinkar inn 7-1, att og fram etter ein corner. Vegard Kjøs Egge scorar sitt andre og FK Vang sitt 8. mål i det 55. minutt, assisten har Henrik Gjestvang. To mål på rappen etter ca. halvtimen av omgangen, det fyrste av Sverre Melby og det andre av Ole Eirik Syversen. Assistane hadde Kai Arne Kvalle og Sverre Melby.
FK Vang klarte ikkje å få inn fleire ballar bak Vest Torpa sin gode keeper, Vest Torpa 2 fekk gleda av å sette inn kampens siste mål ca 10 minutt før slutt etter dårleg avklaring frå oss.

Ole Eirik Syversen vart kåra til FK Vang sin beste spelar i dag, han var ein stor trussel for Torpingane heile kampen og hadde til og med eit sugande returløp med knallfin takling etter att Vest Torpa prøvde og kontre mot oss. Sverre Melby og Henrik Gjestvang fekk andre plassen i kåringa og Frank Melchior Skoglund inntok 3. plassen.

FK Vang ynskjer Snertingdal tillykke med seriegullet, gjestene frå Vang ser det som ei umulig oppgåve og vinne siste kampen på burtebane i Snertingdal med mange mål.

Laget: Jarle, Bjørn Tore, Frank, Anders, Kai Arne S, Sverre, Erik S, Kim K, Henrik, Vegard K E, Ole Eirik, Vegard Eltun og Kai Arne K.

Trening denne veka, torsdag kl. 19.30 på Tveit.   

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »