Motstandere 2013
PUBLISERT 20. februar 2013
FK Vang møter Varde i fyrste seriekampen fredag 3 mai kl. 19.30
på Tveit stadion.
Andre lag i vår avdeling blir: Snertingdal, Dokka SK, Ringelia,
Vest Torpa 2, Bagn og Etnedal.
Kampane er stort sett sett opp på fredagar, og det
trur eg passar bra for vår spelarstall.
Me ynskjer alle motstandara velkomne til Valdres og vakre
Vang. Fair play og gode kampar håpar me å bidra med til
eit stort publikum på Tveit kunstgras.
FK Vang 1 til kvartfinale
PUBLISERT 27.01.2013
FK Vang 1 kom til kvartfinala i årets Beitostølen Cup. Kolbu KK vart slått 3-1 i 16 dels finala, Totenlaget hadde lada godt opp laurdagskvelden og måtte sjå seg utslått av eit delvis hanglande FK Vang. Målscorara var Kai Arne Kvale 2 og Fredrik Paulsrud. Vegard Kjøs Egge styrka FK Vang i kvartfinala, Vegard braut 30 km i NM laurdag for å bli med FK Vang i dag. Godt at Vegard vart med, då ein av våre ikkje dukka opp.
Beitostølen cup
PUBLISERT 24.01.2013
FK Vang stiller med 2 lag til helga. FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne, Valdres FK jr.1 og Fagernes il. FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2, Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball.
Tor Andre Rakstad
PUBLISERT 06.01.2013
Tor Andre blir med som trenar for FK Vang sine seniorar i 2013. Ungguten frå Heggenes har mykje fotball i seg og skal også spela for klubben. Tor Andre Rakstad og Ola Rogn Tveit deler på ansvaret og håper på ein god sesong for FK Vang.
Fyrverkerisalg
PUBLISERT 28.12.2012
Smellert til nyttårsfeiringa? FK Vang har også i år fyrverkeriutsalg i Elektromotasje sine kjellerlokaler på Synshagin næringspark. Utsalgsdager blir laurdag 29., sundag 30. og nyttårsaften frå kl. 10.00 til kl. 15.00. Me sjåast!