God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24. desember 2012
God Jul!
FK Vang takker alle for eit bra fotballår og for den innsatsen
som er lagt ned for klubben i 2012.
Håper alle får kose seg med god mat og drikke i jula,
for så på nyåret atter fokusere på å brilliere med
kula.
FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Elektromontasje sine
lokaler på Synshagin næringspark!
Åpningstider blir dei siste dagane før nyttår, meir om dette
kjem.
Minner også om at A-laget har trening fredag 28 desember kl.
16.30-18.00 i hallen på
helsesportsenteret.
Motstandere 2013
PUBLISERT 20.02.2013
FK Vang møter Varde i fyrste seriekampen fredag 3 mai kl. 19.30 på Tveit stadion. Andre lag i vår avdeling blir: Snertingdal, Dokka SK, Ringelia, Vest Torpa 2, Bagn og Etnedal.
FK Vang 1 til kvartfinale
PUBLISERT 27.01.2013
FK Vang 1 kom til kvartfinala i årets Beitostølen Cup. Kolbu KK vart slått 3-1 i 16 dels finala, Totenlaget hadde lada godt opp laurdagskvelden og måtte sjå seg utslått av eit delvis hanglande FK Vang. Målscorara var Kai Arne Kvale 2 og Fredrik Paulsrud. Vegard Kjøs Egge styrka FK Vang i kvartfinala, Vegard braut 30 km i NM laurdag for å bli med FK Vang i dag. Godt at Vegard vart med, då ein av våre ikkje dukka opp.
Beitostølen cup
PUBLISERT 24.01.2013
FK Vang stiller med 2 lag til helga. FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne, Valdres FK jr.1 og Fagernes il. FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2, Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball.
Tor Andre Rakstad
PUBLISERT 06.01.2013
Tor Andre blir med som trenar for FK Vang sine seniorar i 2013. Ungguten frå Heggenes har mykje fotball i seg og skal også spela for klubben. Tor Andre Rakstad og Ola Rogn Tveit deler på ansvaret og håper på ein god sesong for FK Vang.