Beitostølen cup 2012

PUBLISERT 27. januar 2012

FK Vang overraska både seg sjølv og andre i innledande runder på Beitostølen cup i 2012, begge laga er vidare til sluttspel på sundag.
FK Vang 2 vannt likeså greit gruppa si og slo blandt anna Valdres FK 1. To seiera og ein uavgjort var storvegs frå gutane, sluttspelkamp blir kl 09.00 sundag 29 januar.
FK Vang 2 viste seg også frå ei meget god side og prikka inn ein seier og 2 uavgjort. FK Vang 1 vart nr. 2 i gruppa, sluttspelkamp for dei er kl 09.45 sundag 29 januar.

Resultat FK Vang 2:
Fagernes il - FK Vang 2: 1-1, Sverre Melby
FK Vang 2 - Valdres FK 1: 2-1, Sverre Melby og Kai Arne Sandhaugo
FK Vang 2 - Ø.Slidre/Rogne: 3-0, Kai Arne Sandhaugo 2 og Bjørnar Melbye

For FK Vang 2 spelte desse: Jarle Haugrud, Tore G Haugen, Kristoffer Kvale, Sverre Melby, Thomas A Gjerde, Kai Arne Sandhaugo, Kim Kveno, Bjørnar Hermundstad og Bjørnar Melbye (Syversen sjuk)

Resultat FK Vang 1:
FK Vang 1 - Etnedal FK: 2-1, Runar S Gullhaug og Kai Arne Kvale
Valdres FK 2 - FK Vang 1: 3-3, Jon Terje Rying og Øyvind Kjøs Egge 2
FK Vang 1 - STEIL: 3-3, Kristoffer Lien Kvien og Kai Arne Kvale 2

For FK Vang 1 spelte desse: Sindre Moen, 15 år i mål, Jon Terje Rying, Kjell Magne Kvale, Øyvind Kjøs Egge, Runar S. Gullhaug, Kristoffer Lien Kvien, Even Helle, Frank Skoglund, Kai Arne Kvale og Jonas Kjøs.

Me ynskjer laga lykke til i sluttspelet.

Kai Arne Sandhaugo og Kai Arne Kvale scora begge 3 mål.Mr. Sandhaugo prydar nettsia, han stilte opp på cupen sjølv om han var litt småsjuk.

FK Vang gratulerer Vegard Kjøs Egge med fin plassering i sprinten på NM på Voss i dag.
Vegard kom heilt til kvartfinalen og det er storvegs, ny Nordlitest ventar Vegard.

Sluttspel sundag 29 januar:
FK Vang 2 - Fjøra: 2-5, Tore Gjevre Haugen og Sverre Melby
Torpa toppfotball - FK Vang 1: 4-2, Kjell Magne Kvale og Kai Arne Kvale

Begge FK Vang sine lag er ute etter fyrste sluttspelrunde, det var små marginer, særleg for FK Vang 1 som hadde uavgjort like før slutt.
Passningskvaliteten i dag var ikkje god nok, leie av husvære på Beitostølen i helga for halve gjengen og lite treningstid på ein del andre er kansje ikkje beste oppladninga før fotballkampar.

Godt vinterføre på 7 er banen

PUBLISERT 13.02.2012

Gnistrande vinterføre på 7 er feltet på Tveit stadion. Seniorlager er i sving med trening på snø to kveldar i veka. Tysdagar og torsdagar kl. 19.00 blir faste tidspunkt for trening. Tidlegare og eventuelt nye spelara ønskes velkommne til fotballtrening på godt snøføre. Laget har også tilbud om å sykkle Tour de France etapper i Ryfoss, ja du las riktig. Tour de France kjem på storskjerm på Ryfoss treningssenter og innstruktør vil geleide gjengen i både spurtar og tunge motbakkar.

Les meir »

Beitostølen cup!

PUBLISERT 26.01.2012

FK Vang stiller to lag i årets Beitostølen Cup. FK Vang sin frykta duo framover for nokre år tilbake blir å sjå isaman på topp for det eine av FK Vang sine lag. Dette er vel verd eit besøk på turneringa i seg sjølv, men du vil også sjå mange andre "vene og djerve" menn i FK Vang sine farger.

Les meir »