Beitostølen cup!

PUBLISERT 26. januar 2012
FK Vang stiller to lag i årets Beitostølen Cup.
FK Vang sin frykta duo framover for nokre år tilbake blir å sjå
isaman på topp for det eine av FK Vang sine lag. Dette er vel verd
eit besøk på turneringa i seg sjølv, men du vil også sjå mange
andre "vene og djerve" menn i FK Vang sine farger.
Ja du tippa rett, Jon Terje Rying og Kai Arne Kvale blir å sjå
isaman på eit av våre lag. Me håpar samspelet fortsatt sit som før,
for treningstid samtidigt har ikkje passa til no.
FK Vang har store endringar i stallen for 2012, men
klubben sa ja til fortsatt 4. div lag, sjølv om 5 stk i
stallen sa nei til sesongen 2012 i haust.
Stallen var stor og sterk nok til å ha lag i 4
div. i år på det tidspunktet, men dette har endra seg etter at
3-4 av våre beste ser ut til å bli med Valdres FK i 2012. Vfk
sendte forespørsel på 2 av desse i haust og no ser det ut
til at det reiser to til. FK Vang har ikkje kontrakt med sine
spelara og kjem heller ikkje til å ha det framover, slik sett kan
alle reise frå FK Vang når dei vil. FK Vang ynskjer
spelarane som forlet klubben lykke til i ny klubb, men er ikkje
særleg fornøyd med at vfk ikkje svarar på henvendelsen med
å tilby spelara i retur for at FK Vang kan få sterk nok
stall til fortsatt 4 div. lag. FK Vang må trekke sitt lag i 4 div.
mykje på grunn av dette og det er synd.
I 2011 hadde vfk, Slidre/Røn og FK Vang alle lag i 4 div., i
2012 stiller kun vfk lag i denne divisjonen i Valdres.
Slidre/Røn, Ø.Slidre/Rogne stiller ikkje senior lag i 2012, FK
Vang stiller med kun 5 div. lag. Dette er det einaste
seniorlaget i Valdres vest for Fagernes, satsinga i vfk bærer
ikkje berre frukter når me ser denne utviklinga. Etter mitt syn er
dette meget kortsiktig tenking og vil straffe seg for
satsingsklubben på sikt.
FK Vang har for lita rekruttering sjølve og er avhengige av
naboklubbane for å lykkast på det nivået me helst
vil etablere oss. Spelarmarkedet er støvsugd i øvre del
av Valdres, nesten all fotball på seniornivå søker mot bygdebyen
desverre.
FK Vang kjem garantert sterkt tilbake, klubben har mange
trofaste og gode slitere som bruker kreftene i vestre del av
Valdres.
Godt vinterføre på 7 er banen
PUBLISERT 13.02.2012
Gnistrande vinterføre på 7 er feltet på Tveit stadion. Seniorlager er i sving med trening på snø to kveldar i veka. Tysdagar og torsdagar kl. 19.00 blir faste tidspunkt for trening. Tidlegare og eventuelt nye spelara ønskes velkommne til fotballtrening på godt snøføre. Laget har også tilbud om å sykkle Tour de France etapper i Ryfoss, ja du las riktig. Tour de France kjem på storskjerm på Ryfoss treningssenter og innstruktør vil geleide gjengen i både spurtar og tunge motbakkar.
Beitostølen cup 2012
PUBLISERT 27.01.2012
FK Vang overraska både seg sjølv og andre i innledande runder på Beitostølen cup i 2012, begge laga er vidare til sluttspel på sundag. FK Vang 2 vannt likeså greit gruppa si og slo blandt anna Valdres FK 1. To seiera og ein uavgjort var storvegs frå gutane, sluttspelkamp beramma til kl 09.00 sundag 29 januar. FK Vang 1 viste seg også frå ei meget god side og prikka inn ein seier og 2 uavgjort. FK Vang 1 vart nr. 2 i gruppa, sluttspelkamp kl 09.45 sundag 29 januar.



