Siste nytt

Godt vinterføre på 7 er banen

PUBLISERT 13. februar 2012

Gnistrande vinterføre på 7 er feltet på Tveit stadion. Seniorlager er i sving med trening på snø to kveldar i veka. Tysdagar og torsdagar kl. 19.00 blir faste tidspunkt for trening. Tidlegare og eventuelt nye spelara ønskes velkommne til fotballtrening på godt snøføre. Laget har også tilbud om å sykkle Tour de France etapper i Ryfoss, ja du las riktig. Tour de France kjem på storskjerm på Ryfoss treningssenter og innstruktør vil geleide gjengen i både spurtar og tunge motbakkar.

Les meir »

Beitostølen cup 2012

PUBLISERT 27. januar 2012

FK Vang overraska både seg sjølv og andre i innledande runder på Beitostølen cup i 2012, begge laga er vidare til sluttspel på sundag. FK Vang 2 vannt likeså greit gruppa si og slo blandt anna Valdres FK 1. To seiera og ein uavgjort var storvegs frå gutane, sluttspelkamp beramma til kl 09.00 sundag 29 januar. FK Vang 1 viste seg også frå ei meget god side og prikka inn ein seier og 2 uavgjort. FK Vang 1 vart nr. 2 i gruppa, sluttspelkamp kl 09.45 sundag 29 januar.

Les meir »

Beitostølen cup!

PUBLISERT 26. januar 2012

FK Vang stiller to lag i årets Beitostølen Cup. FK Vang sin frykta duo framover for nokre år tilbake blir å sjå isaman på topp for det eine av FK Vang sine lag. Dette er vel verd eit besøk på turneringa i seg sjølv, men du vil også sjå mange andre "vene og djerve" menn i FK Vang sine farger.

Les meir »

Gamalt nytt: