God jul

PUBLISERT 23. desember 2011
FK Vang ynskjer alle ei riktig god jul!!Takk til barna, foreldra, trenara, lagleiara, seniora, senioritas, suportera, dommara og sponsora, styret og dugnadsgjengen for året som er gått!
A-laget er i full gang med trening og vil ha ei trening i romjula. Hallen på helsesportsenteret er plassen, og dagen blir torsdag 29 desember kl. 17.00 - 19.00.
FK Vang vil også dette året stå for fyrverkerisalg i Vang.
Ny utsalgsplass blir på næringshagen i Vang(Synshagin) vis a vi E-verket attmed E 16.
I Elektromontasje AS sitt lokale i underetasjen blir vi å finne dei tre siste dagane før saluttane skal smelle.
Treninga igang
PUBLISERT 01.12.2011
Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.
Oppstart 2012 sesongen
PUBLISERT 25.11.2011
FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!
FK Vang får behalde plassen
PUBLISERT 18.11.2011
FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.
Fotballfest (1)
PUBLISERT 13.11.2011
FK Vang feiret 2011 sesongen på Tyinkrysset fjellstue i helga. Mange av spelarane var til fjells heile helga, og fleire har vel mest sansynleg ein litt tung dag i dag.


