Fotballfest (1)

PUBLISERT 13. november 2011
FK Vang feiret 2011 sesongen på Tyinkrysset fjellstue i
helga.
Mange av spelarane var til fjells heile helga, og fleire har
vel mest sansynleg ein litt tung dag i dag.
Festkomiteen som i år besto av Kim B, Anders og Sverre hadde ordna
eit bra opplegg.
Det heile starta fredagskvelden med Ola quiz, spørsmåla var
stort sett frå årets sesong, men det spørsmålet som
skapte mest bryderi var vel kor stor mittsirkelen på ein
fotballbane er i m2. Vinnarane vart laget som besto av Kristin
T, Anders, Thomas og Vegard E.
Etter quizen kom Jon Ivar med ryggsekken sin og delte ut
innhaldet med god kontroll. 14 stk fekk glede av å væra med i
starten, ein del slapp taket fort, mens andre vart med litt
lenger. Jon Ivar, fotograf Olav Andre og Ola var dei som trakk det
lengste strået og kom på pallen. Favorittseier i denne
disiplinen kan ein vel seia.
Laurdagen starta med landskampen Wales - Norge utan å skrive
så mykje meir om den, etter denne vart det storskjermvisning av
Engeland - Spania, der brittane trakk det lengste strået.
Festmiddagen i form av Taco med mykje tilbehør som Pedro hadde
stelt istand smakte meget godt, god mat i lag med god
drikke og med litt tull og tøys ved bordet er mitt i
blinken for seriøse seniorar i FK Vang.
Ca kl. 22.00 var alle samla nede i festsalen der premieutdelinga
for 2011 vart gjennomført. Fotograf Olav Andre dokumenterte alt på
Canon Ixusen sin, synd me ikkje har film av seansen for det var
mange gode takketaler.
Årets spelar i FK Vang 4. div.lag, 2011 vart: Kim
Bøland med 157 stjerner. Anders Skrebergene kom på
sølvplass med 122 stjerner og Øyvind Kjøs Egge på 3 plass med 112
stjerner.
Årets spelar i FK Vang 5. div,lag, 2011 vart: Tommy
Enger med 90 stjerner. Kasay vart nr 2 med 34 stjerner og
Even Helle kom på bronseplass med 31 stjerner.
Toppscorar i både 4 og 5. div. vart Kai Arne
Kvale med 11 mål i den høgaste divisjonen, Kai Arne spelte
ein kamp i 5. div der han scora 6 mål. Ole Eirik
Syversen scora også 6 mål i 5. div. og delte denne prisen
med mr. Kvale.
Assistkongen i 4. div. 2011: Ole Eirik Syversen
med 8 assistar.
Assistkongen i 5. div. 2011: Evigunge Tommy
Enger, også han med 8 assistar.
Ny pris for året var kongen av Nordlidtesten, denne testen vart
gjennomført 2 gonger i løpet av sesongen. Vegad Kjøs
Egge klarte 29 runder og vart årets konge, Even Helle var
o,o4 runder bak og tok sølvplassen. Tommy Enger inntok
også pallplass med sine 27,9 runder.
Råtassen for 2011 vart: Kai Arne Kvale med 1
direkte raudt og 2 gule kort.
FK Vang 4. div. fekk totalt kun 12 kort i løpet av
sesongen 2011.
Årets mål i 4. div. 2011: Ole Eirik Syversen med
frisparket i heimekampen mot Snertingdal.
Årets mål i 5. div. 2011: Even Helle med
avsluttninga heime mot Breiskallen der skuddet kom klistra i
vinkelen.
Innsatsprisen for 2011 gjekk til kapteinen vår: Anders
Skrebergene
FK Vang gratulerer alle prisvinnarane for fotballåret 2011, og
alle andre for ein vel gjennomført fest og fotballsesong.
Treninga igang
PUBLISERT 01.12.2011
Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.
Oppstart 2012 sesongen
PUBLISERT 25.11.2011
FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!
FK Vang får behalde plassen
PUBLISERT 18.11.2011
FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.


