FK Vang får behalde plassen

PUBLISERT 18. november 2011
FK Vang beheld plassen i 4 divisjon.Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2.
Slidre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.
FK Vang er meget tilfreds med å få dette tilbudet, laget frå den vestligaste delen av Valdres bør ha eit potensiale for å klare seg godt i 4 divisjon.
Det som er viktig no er at me beheld dei spelarane som er i klubben og at alle er innstilt på å gje litt meir enn i 2011.
Klubben er i kontakt med ein del nye spelara og veit at fleire vil velga oss på grunn av miljøet me har skapt og ikkje minst Tveit stadion.
Støtteapparatet blir også styrka i 2012, Jon Ivar og Ola er med fortsatt, keepertrenar er på plass og ein ny kar med god kompetanse innanfor fotballfeltet er i tenkeboksen.
Treningane vil starte opp fyrst i desember inne i hallen på Beitostølen.
Om du som les dette kan tenka deg å spela fotball for FK Vang i 2012, vil du garantert få mykje speletid på eit av våre to lag.
Send e-post til olart@start.no eller sms til 99544427 og meld din interesse!
Treninga igang
PUBLISERT 01.12.2011
Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.
Oppstart 2012 sesongen
PUBLISERT 25.11.2011
FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!
Fotballfest (1)
PUBLISERT 13.11.2011
FK Vang feiret 2011 sesongen på Tyinkrysset fjellstue i helga. Mange av spelarane var til fjells heile helga, og fleire har vel mest sansynleg ein litt tung dag i dag.


