FK Vang - Gjøvik-Lyn: 2-3 (1-1)

PUBLISERT 13. oktober 2011
Tveit stadion, torsdag 13 oktober kl. 19.30
Dommarar: Vidar Hilmen, Nils Arne Solberg og Bjørn Dag
Lundhaug
Publikum: Ca 40 stk.
2-2 var stillinga ved full tid, FK Vang hadde med dette resultatet
sikker plass i 4 divisjon også til neste år.
I det 90-ende minutt får Gjøvik-Lyn tilldelt eit meget billig
frispark frå ca 30 meter, i ein situasjon der Kai Arne Kvale
snappar ballen frå ein motstander. Frisparket blir omsett i
nota via ein Gjøvikspelar og snipp snapp så er FK Vang på
tur ned ein divisjon. Kai Arne Kvale får gult kort av dommar
Hilmen for protesten av avgjersla i etterkant,
frustrasjonen frå mr. Kvale er absolutt til å
forstå.
FK Vang spelarane skal ha ros for full innsats og stå på vilje i
kveldens oppgjer, me har sjølve stelt oss i den situasjonen at
poeng var nødvendig mot eit av avdelingas sterkaste lag.
Gjøvik-Lyn kom til Tveit med eit meget bra mannskap i kveld,
synd for oss, men fair play, og bra for dei andre laga som me
kjempar i mot om nedrykksplassen.
FK Vang scora allerede etter 3 minutt, Øyvind Kjøs Egge ruvar i
feltet på ein corner som Kim Kveno sler inn i frå vår venstre side.
1-0 og jubel på Tveit stadion, leiinga held til uret viser 30
minutt. Gjøvik-Lyn sin raske spiss kjem igjennom og sender
kula i nota.
I pausa er me enige om å opptre meir kompakt og å væra litt
tøffar i nærkampane.
Stillinga held seg 20 minutt ut i omgangen, Gjøvik-Lyn puttar
på nytt og FK Vang er ille ute med tanke på 4 divisjon neste
år. Kampen er fremdeles åpen og begge
lag kjem i nokre nestensituasjonar. Olav Ulven får så
ballen på høgresida og sett full fart nedover etter linja, han
sler eit perfekt innlegg og Kai Arne Kvale får pannebrasken på
ballen og scorar via keeperen. Scoringa kjem i det 32 minutt av
omgangen og alt føles vel.
Men så skjer dette som er omtala før.
Gjøvik-Lyn sine spelara og nesten alle på benken til
gjestene er velkommne på ny til Tveit
stadion. Om Gjøvik-Lyn gjestar Tveit stadion og FK Vang i
framtida vil ikkje idioten av ein oppmann dei har i dag sleppe
inn på området. Det er synd ein mann kan laga så mykje kvalme for
ein ellers triveleg og sympatisk gjeng.
Jarle Haugrud blir kåra til dagens FK Vang spelar med god
margin, Jarle har vore meget god i alle sine kampar for
FK Vang, det er berre synd han ikkje kom før i sesongen.
Klubben vil fortsatt satse på A-laget, kjenner eg spelarane
rett vil ikkje opphaldet i 5 divisjon vare særleg lenge.
Laget: Jarle, Bjørnar, Øyvind, Tommy, Tore, Kim K, Kim B, Tor
Andre, Anders, Kai Arne S, Kai Arne K, Olav og Robert.
Treninga igang
PUBLISERT 01.12.2011
Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.
Oppstart 2012 sesongen
PUBLISERT 25.11.2011
FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!
FK Vang får behalde plassen
PUBLISERT 18.11.2011
FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.


